Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Liv tok fagbrevet med glans

Jon Olav Ørsal Fredag 1. november 2019

Fredag var det kaffe og blautkake til alle i kantina til Talgø MøreTre i Todalen. Med god grunn kunne dei feire det første kvinnelege fagbrevet på Elementfabrikken. Liv Hoås markerte dermed at læretida er slutt, og  fagprøven til tømrarfaget er bestått med glans. Liv har to år bak seg som elev på snekkerlinja på Surnadal Vidaregåande skule og deretter to år som lærling – eit år på Rindalstre As og eit år på Talgø MøreTres elementfabrikk i Todalen.

Ove Rodal har vore mentor for Liv Hoås i læretida hos Talgø MøreTre. Dei to sensorane Odd Inge Bjerkestrand og Gaute Røen var godt nøgd med gjennomføringa av fagprøven.. Foto: Jon Olav Ørsal

Eg har vore heldig og fått prøva eit variert snekkararbeid – både utearbeid og innearbeid, seier Liv Hoås som no er ferdig som faglært tømrar. Det kjem no vel med, for den første tida vil Liv konsentrere seg om eiga husbygging. Saman med sambuar Ove Edvin S. Sæterøy er nemleg Liv i gang med husbygging i Bøfjorden og paret vil etter kvart flytte dit.

Blomster og gratulasjon med fagbrevet frå Gabi til Liv. Foto: Jon Olav Ørsal

Så var det tid for kaffe og kaker – sjølvsagt var det Liv som var først i køen. Foto: Jon Olav Ørsal

No blir nok eiga husbygging prioritert for Liv Hoås og sambuar Ove Edvin S. Sæterøy. Dei to bygger nytt hus i Bøfjorden og flyttar dit når huset er klart. Foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. november 2019, 14:26