Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Litt polarhistorie

Litt polarhistorie

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mars 2011

Da redaksjonen fekk e-posthelsing frå Lars Stensby om at han var på Svalbard, fekk han umiddelbart svar og beskjed om å ta bilde av den gamle kyrkjeklokka i Longyearbyen. Den har nemleg ei historie med lokal preg, noko som ikkje så mange kjenner til? Ein nordvikgarding var nemleg delaktig i arbeidet med den første kyrkjeklokka som var i bruk i Longyearbyen, nemleg klokkestøyparen Ola T. Polden frå Åsbøhagen på Nordvik.

Lars Stensby tok utfordringa og fotograferte den gamle klokka frå alle vinklar for oss. Og jammen fikk vi med bilde av signaturen «O. Polden, Stangvik» på eit av bilda, sammen med 3 av arbeidskameratane. Det står » FRED PÅ JORD – Julen 1949  – Forarbeidet av:  A. Matiesen, Oslo, E. Wiik, Namsos, L. Larsen, Trheim, og J. Andreasen, Hamvik».

Ein telefon til Ola T. Polden, som i dag bor i Tømmerhaugvegen i Surnadal, bekreftar at han var med på klokkestøypinga i Longyearbyen. Dette mintes han godt, og vi fekk fleire av namna på rams med han, og det stemte med taksta på klokka.

Ola fortel at han og ein av arbeidskameratane hadde bestemt seg for å prøve å støype ei klokke, og dei sette igang med å lage form for klokka. Messinglegering laga dei av 40 kg kobber og 10 kg tinn (klokka vart 48 kg). Dette arbeidet heldt dei på med julaftan, og det var bare såvidt dei rakk å få ferig klokka til jula skulle ringast inn og dei skulle få servert julemiddag.

Det høyrer også med til historia at dei egentleg hadde tenkt å lage klokka for eige bruk på verkstaden, for å ringe til pausar og slikt. Men medan dei helt på med arbeidet kom presten forbi, og han ville at klokka skule brukast til til kyrkjelege handlingar. Kyrkje var det enno ikkje bygd i Longyearbyen, men klokka og klokketårnet (stupullen) vart montert på Skjæringa, der det står enno. Han fortel at denne klokka var med i ein verdomfattane klokkestafett, som starta på Svalbard med denne klokka.

Ola Polden var på Svalbard frå 1949 til 1950. Han kom opp med båt den 17. mai 1949 og reiste ned igjen i juni 1950, når båttrafikken kom igang igjen. Han jobba på verkstaden til Store Norske, der han dreiv med vedlikehald av utstyr som var bruka til gruvedrifta i og rundt Longyearbyen.

Publisert: 30. mars 2011, 06:00