Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lite bakeri med stor suksess

Elinor Bolme Sundag 25. november 2018

En søndag i månaden har Slettneset steinovnsbakeri ope for gjestar som er ute etter ein kaffekopp og noko godt å bite i. Karin Åsbø og ektemannen Nils Håvar Øyås har i halvanna år jobba fram til eit så langt vellykka konsept på Karins heimplass på Nordvik. Bygninga vart flytta frå Folldalen til Slettneset i fjor sommar. Mange arbeidstimar seinare kunne det driftige ekteparet forsøke seg på åpent bakeriutsalg no i haust. Første åpningsdag var under SUSU-prosjektet sitt laurdagsarrangement i Svinvika siste helga i august, og etter den vellykka seansen har bakeriutsalget som sagt hatt ope ein søndag i månaden etter det.

Dagens produksjon med 100 av både skulebrød og kanelsnurrar og 50 brød starta klokka 05 i dag tidleg, fortel Karin. -Hadde eg hatt kapasitet til meir, så hadde eg nok seld meir også, smiler ho. For utvalget i brødavdelinga ein stor time før stengetid var faktisk redusert. Som forhåpentleg vis gjer at bakeriet held ope fleire søndagar framover i 2019 også!

Ikkje akkurat småbrød som blir servert. Velsmakande og triveleg atmosfære gjer det til ein fin søndagstur.

Nesten ikkje ein ledig stol var å oppdrive under deler av åpningstida i dag. Mange unge kvennalendingar hadde gått frå Søyset, via Haltbakken til Slettnesset. Da var det godt å komme inn i varmen og få seg ein diger kanelsnurr med melis på og heimpressa eplesaft som belønning.

Karin med sine gode hjelparar, ektemannen Nils Håvar med John Ola på armen og storesøster Ingeborg som gjerne bidreg med å halde eit lite auge med småbrørne og ikkje minst leike med jevnaldrande gjestar som stakk innom. Minstemann Torstein er ikkje halvåret ennå men er med på det aller meste som byr seg. 

Ekteparet kan fortelje at lokala også er i full bruk mellom bakesøndagane. Svinvik Gard med Kristina Svinvik leiger no lokalene både midt i veka og i helgene. Dei har så langt hatt fulle hus både fredag- og laurdagskveldane med sin selskapsmeny etter åpninga, i tillegg til ulike firmatilsteldningar midt i veka.

Bygget er lafte på Dovre i 1762 og har tidleare stått i Folldalen. Les om vegen fram til Slettneset Steinovnsbakeri her: Historisk bygg oppført på Nordvik.

Publisert: 25. november 2018, 19:07