Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Todalshytta inviterer til kortreist festmiddag

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juli 2017

Laurdag inviterer Todalshytta til en 3-retters festmiddag av det eksklusive slaget.  Her vil kjøkkensjefen Jan Larsen by på det ypperste av lokale og kortreiste råvarer, og vi vis vise kva potensiale hyttas kjøkken kan by sine gjestar, seier Eric Malling når han promoterer dette festmåltidet som frå no skal bli ein årleg tradisjon på Todalshytta. Han tykkjer at Todalshytta med all den gamle fiske- og jakthistorikken fortener ein eigen kveld med ein slik bankett.

Laurdag kl 18 startar det eksklusive måltidet, og det er berre plass til 16 til bords denne kvelden, så da vil det være «først til mølla». Da tilbyr Todalshyttas kjøkken denne spennande menyen til publikum:

Til forrett serveres det denne kvelden , medan hovudretten er villaks frå Toåa og til dessert falt valet på Åses heimelaga is.  I tillegg til den 3-retters menyen er det sett opp ein eigen vinmeny som kan bestilles i tillegg.  Pris pr kuvert for 3-retters middag og kaffe er kr 550,-.   Dersom denne sommarkvelden blir lun og varm, vil kaffe avec kunne serverast ute.

Vil du være med på denne spesielle middagen må du ta kontakt med Todalshytta for bestilling på telefon  71 66 38 36 (Mobil 480 99 478 Eric Malling) snarast.

Først publisert: 19. juli 2017, 05:00 - Sist oppdatert: 18. juli 2017, 23:18