Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Kulturvandring til Årnes

Marit Haugen Onsdag 10. juni 2015

Stangvik Historielag, i samarbeid med Turstigruppa på Årnes, skal arrangere «kulturvandring» uti Årnesliene laurdag den 13. juni – med oppmøte/parkering ved «Årnes-gardane» kl. 11.00. Det er nedlagt eit stort arbeid med rydding og merking av gamle stiar uti Årnesliene, og det er oppsett på hundretals med skilt som viser namn på plassar i utmarka frå gamalt av. Turen i år vil fortsette frå der vi på grunn av tidsnød måtte avslutte i fjor, bl a vil den gå om «Trøinn» – eller «Musters-husa» som dei helst blir kalla.

Det var ein engelsk rikmann, John P. C. Musters, som sette opp desse husa kring 1883-1884. Turen går vidare oppå Årneslia og på det aller meste av turen skal vi følgje stiar/skogsvegar. Lokalkjente vil bli med på turen og fortelja om plassane vi går forbi. Heile turen antas å ta ca 2-3 timar, men det er fullt muleg å avbryta undervegs, det er fleire plassar der det er merka stier som går ned til gardane. Fortsett veret slik som no, er det å anbefale å ha på seg fjellsko/støvler . Det kan og vera godt å ta med seg termos og kak’skive, vi må ta oss tid til ein stopp undervegs!

Etter endt tur, vil det bli matservering med litt underhalding i Grendahuset. Der vil bl a Nils Røv delta. Han blir og med på deler av turen i marka. Bernt Bøe har og meldt at han blir med på turen, han vil nok og ha mykje å fortelja om «gamle dagar». Da ønskjer vi vel møtt – og håper mange blir med på ny tur uti Årnesliene! Blir det dårleg vær, får vi «kle oss etter veret»!

Publisert: 10. juni 2015, 00:48