Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag kl 13: Demonstrasjon av gevirdømming

Jon Olav Ørsal Fredag 23. november 2018

Øiving K. Veskje, som er JFF-autorisert gevirdommar har i dag hatt det travelt med å gå gjennom alle gevira som er komne inn. Det tek nemleg litt tid å vurdere kvar enkelt gevir og måle alle variasjonar og tagger. Laurdag kl 13.00 skal vi få demonstrert korleis dømminga går føre seg. Veskje vil da demonstrere dømming både av eit hjortegevir og eit elggevir.

Veskje fortel at det er høg standar på mange av gevira som er komne inn, og han har alt delt ut mange gullmedaljer, mellom anna eit av dei flottaste elggevira som Veskje har sett.
Laurdag vil det bli siste innspurt på gevirdømminga og det blir da stor fokus på utstillinga, som også består av mang gevir som tidlegare er premiert

Publisert: 23. november 2018, 19:32