Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Latteren sitt laust i Todalen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. august 2016

Eg følte meg veldig heime og kan konstatere at latteren sitt laust i Todalen, sa Jon Schau etter forestillinga. Jon Schau kan konstatere at showet «En gal mann vender hjem» som skal kjørast på revyteatret Chat Noir, sitt som det skal etter ein vellukka generalprøve på Todalshytta.

Eg følte meg veldig heime i Todalen - her sitt latteren laust, sa Jon Schau etter forestillinga. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

For det var egentleg å prøvekjøre showet som var hensikten og da er det greit at det kan skje utafor den marknaden som det er produsert for.  På Chat Noir er det premiere 16. september og det skal gå utover hausten. Han rakk å innom mange tema i løpe av halvannen time på Utescena på Todalshytta, og fekk latterdøra på vidt gap hos publikum med sin humor som spente frå underbuksehusmor til kva sem er definisjonen på å være normal.

Jon schau demonstrerer "lupusgange" for publikum. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det har vore ein aktiv kultursommar ved Todalshytta, og Eric Malling var før forestillinga spent på korleis standuphumoren villle slå an, men vi konstaterte at denne formen for underhaldning trefte publikum «heime».

Bildegalleri fra showet «En gal mann vender hjem»  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. august 2016, 23:01