Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Langs Søyåas bredder

Langs Søyåas bredder

Vidar Sogge Fredag 3. juni 2011

Torsdag 26. mai hadde stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag lagt utflukta til Eidet i Surnadal, med start på Kvennbø. Derifrå gjekk vi nedover på sørsida av elva til brua nedanfor Lia. Her var det matpause og orientering om flaumsikringsarbeidet før vi gjekk over brua og til bilane på Kvennbø. På turen var vi så heldige at vi hadde med Lars Polden som guide.

Lars kunne fortelja at elva før hadde vore ei problematisk flaumelv, som fløymde over store område fleire gonger kvart år, og såleis gjorde stor skade. Det hende at tilmed tredje strengen på hesjene kunne bli sett under vatn, og ofte braut ho seg nytt elvefar. Alt på 30-talet tok dei til å diskutera kva som kunne gjerast med dette, men utan at dei såg seg i stand til å starta på eit så stort prosjekt. Det var først på 1980-talet at ting tok til å skje. Lars Polden var vald til leiar, og ved samarbeid mellom grunneigarar, kommune og stat vart flaumsikringa av elva gjennomført i åra 1985 til 1989. Den 7,5 km lange elva frå Kvennbø til Haugafossen vart no korta ned til 5 km, og flausikring av eit område like stort som Surnadal nedanfor Skei var gjennomført. I tillegg vart det nedfor Lia bygd ei solid bru, og på båe sider av elva ein god veg. Alt dette for 10 mill. kroner! Etter dette vart det slutt på sommarflaumane i Søya. Einaste overfløyminga var siste vinter, da ein ispropp nedanfor Kvennbø stengde for vatnet slik at vatnet trengde inn i kjellar og fjøs.

Bildegalleri frå turen på Søyåas bredder legg her.  Alle foto Vidar Sogge

Publisert: 3. juni 2011, 18:00