Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lang, men innholdsrik dag!

Elinor Bolme Måndag 20. oktober 2014

I går var G12 Søya/Todalen på si fotballavslutning etter ein lang og litt trå sesong. Totalt har dei i serie spela 12 kampar og det samme i cupsammanheng denne sesongen. Men desverre har dei slettes ikkje hatt marginane på si side, noko som har resultert i kun ein siger på 24 kampar. Derfor vart trenar og oppmann på eit tidleg stadium enige i at denne gjengen skulle få ei avslutning litt utanom det vanlege denne gongen.

Turen starta dermed på Skei tidleg søndag morgon. Der var det felles transport i minibuss til Trondheim og miniturnering på Sjetnemarka der dei møtte fire trønderlag til kamp. Her fekk dei møte reine 11-årslag, og Søya/Todalen fekk endeleg vist at dei var litt bedre enn dei hadde vist gjennom seriespelet. Dei spela uavgjort mot Trond, og vann over Malvik 1, Malvik 2 og Sjetne 1. Forespørselen til Sjetne IL gjekk ut på ein enkel treningskamp, men dei svinga seg i rundt og laga ei miniturnering i staden. Imponerande tilrettelegging.

Etter 4 intense kampar bar det rett i Pirbadet for opptining og mjukgjering, før dei to timar etter hadde ein avtale med Gøran Sørloth på Lerkendal. Ved forespørsel får ein nemleg omvisning og litt RBK historie i Rosenborg sine lokaler på Lerkendal.  Sørloth var rimeleg lokalkjent på Nordmøre og hadde full kontroll på kvar laget kom frå. Han fortalde litt om seg sjølv som fotballspelar, RBK si historie og kva det inneber å vera fotballproff. Dei fekk sjå både RBK-brakka og deler av Lerkendal underveis. Han overraska også ein av spelarane med signert Sørloth drakt, som var signert av Aleksander Sørloth. Nåverande spelar på Rosenborg.

Etterpå vart det tid for ein matbit i restauranten tilhøyrande stadion, før dagen vart avslutta med RBK-VIF der Rosenborg som kjent vann 3-2. Deretter bars det strake vegen heimatt til Surnadal, Kvanne og Todalen. Litt seint vart det nok for dei fleste, men opplevelsane veg forhåpentlegvis oppatt for det.

Under er eit bildegalleri frå turen. Bidragsytarar her er Gudmund Kårvatn og Leif Magne Andersen.

Publisert: 20. oktober 2014, 19:27