Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksen biter i sol og varme

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juni 2020

Same fiskaren ved utløpet av Haukåa i Båthølen – 2 laksar er tekne her i løpet av laurdagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi har rimeleg gode bevis på at laksen biter godt i sol og varme. Dei siste dagane har vore utfordrande for ein og kvar som må jobbe og stå på.  Men vi kan ikkje klage, for det er vel akkurat slike dagar vi har drømt om å oppleve under sydens sol.  I Toåa biter iallfall laksen godt, og i løpet av dei 6 første dagane i årets sesong er det kome på land tilsaman 20 laksar med ei gjennomsnittsvekt på 5,4 kg og den totale fangsten er i skrivande stund kome opp i 108,7 kg.

Årets største laks er framleis den 10 kgs ruggen som Kjell Vidar Sigvartsen fikk på land på tysdag.  Som god nummer to er Johan dagfinn Nygård med 9,75 som han tok allereie første dagen, og som viste 9,75 kg på vekta. Det ser ut til å være mest laks midt i elva – det er teke 9 laks i sone 2 (mellom halsabrua og Øyabrua ), 9 laks i sone 3 (mellom Øyabrua og Brusetbrua) og 1 laks i sone 1 (nedafor Halsabrua) og 1 laks i sone 4 (mellom Brusetbrua og Hengebrua) og ingen i sone 5 ovafor Hengebrua)

Publisert: 20. juni 2020, 17:10