Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laks tatt ved Øyabrua

Laks tatt ved Øyabrua

Elinor Bolme Måndag 24. juni 2013

Peter Ploss frå Tyskland og mangeårig fiskar i Toåa har no på føremiddagen tatt ein laks på ca 3-4 kg nedanfor Øyabrua.  Redaksjonen fekk tilsendt bilde etterkvart, og håpar fleire sender inn bilde og litt tekst når dei får noko på kroken utover sommaren.

Oppdatert fangstrapport over fisket i Toåa så langt i år er ikkje utlagt på Elvaeigarlaget si nettside. Det er heller ikkje oppsett oversikt ellers i Todalen for dei som kunne ha interesse av å vite korleis fisket er/har vore i sesongen slik som andre vald i Surna har. På www.surna.no er siste vekes fangst oppdatert, samt 10 på topp 2013, og fangstrapportar tidlegare år.

Først publisert: 24. juni 2013, 12:00 - Sist oppdatert: 25. juni 2013, 18:09