Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Labert oppmøte på sjakk – usikkert korleis det blir vidare

Jon Olav Ørsal Måndag 6. november 2017

Berre 4 sjakkentusiastar møtte på sesongens første sjakkarrangement på Kaffekroken søndag kveld.  Skuffende oppmøte, seier Anders Talgø og Terje Nordvik som har teke initiativ til å samlast til meir eller mindre uformelt sjakkspel i Kaffekroken på Halsbua.

No er det meir uvisst korleis det blir vidare, fortel Anders Talgø, som seier at det må være minst 6 personar som forpliktar seg til å møte på desse samlingane som altså skjer etter stengetid i lokala til Kaffekroken på Hals. 

Sist søndag var som sagt sesongens første samling og det møtte kun 4 sjakkentusiastar, og det er alt for lite til at det er nokon vists i å drive.  Noe Ber dei to om at dei som er interessert i at det skal bli eit sjakkmiljø i Kaffekroken i vinter tek kontakt, slik at ein får klarlagt om det er nokon interesse for å få til organisert sjakkspel i vinter.

Publisert: 6. november 2017, 08:07