Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

La lyset vere både varmen og vegen

Elinor Bolme Onsdag 7. desember 2016

Kveldens tema under lysmessa i Todalen kyrkje var naturleg nok lys. Inne i kyrkjerommet var det dempa belysning, tente lys og høve til å senkje skuldrene eit par hakk ein times tid. Adventstida er ei tid for refleksjon og undring. Lysmessa er ei fin og litt annerledes gudstjeneste. Prest Bernt Venås hadde god hjelp til gjennomføring av kveldsgudstjenesta av konfirmantar både frå Todalen og Stangvik denne kvelden. Ungdomane sto for både tekstlesing og tenning av den sjuarma lysestaken, medan Venås tok dei frammøtte gjennom lyset mange funksjonar i kristendomen. Ikkje berre gir det oss varme, men det kan også vise oss vegen. Noko han illustrerte blandt anna med å fortje histria attom altertavla i kyrkja.

I tillegg var det også utdeling til 5. klassingane ved Todalen Oppvekstsenter og ofring til Kyrkja i utlandet (Sjømannsmisjonen).

innmarsj

Konfirmantane med innmarsjen.

konf2016

Årets kull konfirmantar i Stangvik og Todalen: Bak frå venstre Eirik Vang Aas, Bernt Venås, og Bjørnar Kvande. Fram frå venstre: Julie Nordvik Bergstad, Kristian Hauglann Talgø og Andrea Naustbakk

kristaian-talgo

Kristian Hauglann Talgø er einaste kristelege konfirmanten i Todalen dette skuleåret. Her bidreg han med tekstlesing under kveldsgudstjenesta.

lysmesse

5. klassingane var spesielt inviterte for å motta bibelen frå soknerådet. Frå venstre Edel Terese Mikkelsen Karlsen, Johan Ranes og Van Adrian Ansnes.

Neste gudstjeneste i Todalen kyrkje er julaften klokka 16. Da rekna Bernt med at det vart trongare om plassen enn i dag. Det blir det kanskje nyttårsaftan også, for dette blir Bernt si aller siste gudstjeneste. Han har dessverre sagt opp si stilling og sluttar allerede 1. januar kunne han fortelje. Konfirmantane hadde fått beskjeda tidlegare, og Bernt rekna med at dei blir godt ivareteke utover våren fordi om han no vel å avslutte sitt virke.

konfirmantar

Etter endt kveldsvakt skulle dei seks kose seg i lag før Bernt skyssa ungdomane frå Kvanne heimatt. 

Publisert: 7. desember 2016, 22:52