Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kyrkjegarden: Sommarslått på dugnadsbasis

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juli 2016

Kristen Bruset som til dagleg har sitt liv og virke i Veidekke var i full aktivitet med slåttaarbeid på kyrkjegarden i føremiddag, og i ein spøkefull tone lurte vi på om han hadde skaffa seg sommarjobb for å spe på levebrødet.  Men det hadde seg ikkje slik, fortalte han. Kristen er valt inn i både soknerådet og fellesrådet, og det var bunnskråpa kasse som gjorde at han no var i gang med dugnadsslått på kyrkjegarden i Todalen.

DSC_2678

Pussen rundt gravminna er det eigarane som er ansvarleg for sjølve, fortel Kristen Bruset. Dette vart litt ekstraservice i dag. Foto: Jon Olav Ørsal

Fellesrådet har rundt 100.000 til rådvelde for vedlikehald av dei 6 kyrkjene dei har ansvar for. – Difor er det ikkje økonomi til å leie inn ferievikar til dette arbeidet, og da må vi ty til dugnadsinnsats for å kome i mål.  I går var Bernt Venås i aksjon ei økt, og i dag har eg teke resten, og i tillegg pussa litt rundt gravstøttene som ein ekstra service, fortel Kristen. Pussen rundt gravminna er det egentleg eigarane som skal utføre sjølve, men eg har teke noko av det for utsjånaden sin del, seier han og startar opp kantkløpparen for å gjera seg ferdig med «feriejobben» .

Publisert: 20. juli 2016, 15:10