Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvennsetgarding hamna i landseliten

Jon Olav Ørsal Sundag 23. oktober 2016

På Geno sitt anlegg Store Ree på Hamar står det ein kjendisokse som kjem frå Viastua i Todalen.  Vi laga ei sak om oksekalven som «dro ut i verda» i mars 2015 og sia har det vore stille.  Men han kom inn i rullane til Norsk Rødt Fe  hos Geno, og har gått gjennom mange testar og målingar. No har han gått gjennom den tronge nålauga til Geno, og vorte klassifisert som eliteokse og til og med ein av dei beste eleiteoksane av sitt kull.

Staseleg 2 åring – 11798 Viastua Født: 04.12.2014 Oppdretter: Ola G. Kvendset, 6645 Todalen. No står oksen i sædproduksjon på Store Ree på Hamar. Foto: Geno

11798 Viastua kan du lese om i oksekatalogen – her finn du alle opplysningar om oksen som var fødd i Viastua 4. desember 2014 og reiste ut i verda alt i mars 2015. No står oksen i sædproduksjon på Store Ree på Hamar og dermed vil oksen pre sine gode gener over heile landet.

dyretransport_5854_red

I mars 2015 – berre 4 månader gammel – bar det ut i den store verden i Geno’s teneste. Kjempa litt i mot, men det var no nærast limusintransport til Hamar. Arkivfoto frå mars 2015 – Jon Olav Ørsal

olaggudmundk_5817

Avlsarbeidet tek lang tid – Ola fortsett no med det arbeidet som faren Gudmund starta for eit par generasjonar sia. Foto: Jon Olav Ørsal

Ola Kvendset fortel at avlsarbeidet er ein langsiktig prosess. I Viastua har avlsarbeidet har stor fokus i generasjonar – faren har studert oksekatalogen nitidig for å plukke ut oksar med gode gener.  Gjennom systematisk arbeid i lang tid har gitt ein frisk og god buskap med høge indekstal. Dette arbeidet vil Ola fortsette med og vi må nok rekne med at det blir fleire eleiteoksar som kjem frå Viastufjøset etter kvart. Hittil er det levert 11 oksekalvar til Geno, og dette er no den fjerde som klarer krava til å bli eliteokse. 11798 Viastua klatra mesta til topps i konkurranse med sine «jeilkalvar» denne gongen.

Oksane blir hos Geno testa på 43 forskjellige eigenskapar, så det er ikkje tilfeldig kven som blir best. Ola fortel vidare at det tidlegare var stor fokus på mjølka, – både mengde og fettprosent. No er det mykje meir fokus på helse – det er nemleg god økonomi i god helse og på same måte er det viktig å ha gode bein og klover. I dagens moderne fjøs skal kyrne gå mykje, – dei skal gå inn og ut av mjølkerobotar, og dei skal hente seg for i foringsautomatar – difor er det viktig at dei har gode og smertfrie føtter. I tillegg er det viktig at dei har rett og fin fasong på juret, det har også samanheng med bruken av mjølkerobotar.

geno_olag_mora_5802

Mora til superkalven tok det heile med knusande ro – men det er nok ei staseleg ku som har god gener. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 23. oktober 2016, 13:29