Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kven er du?

Elinor Bolme Laurdag 25. august 2018

Skuleåret har starta opp att, og elevane har allerede byrja på med både fag og leik. VI har fått tilsendt ni portrettintervju som elevane i 5. – 7. klasse har gjort. Dei gir oss sjansen til å bli betre kjent med elevane i 1. og 2. klasse.

 

Kva heiter du og kor gammal er du? Eg heiter Ådne og eg er 6 år.

Kva for klasse går du i? Eg går i 1.klasse.

Kva vil du bli når du blir stor? Eg vil bli fotballspiller.

Kva huskar du best frå sommarferien? At eg var på fjellet.

Kva er ditt ynglingsfag? Mitt ynglingsfag er gym.

Kva liker du best med å gå på skolen? At eg får spele fotball og slåball.

Kva er favorittfarga di? Min favorittfarge er raud.

Intervjua av Shan Allan

———————————————————–

Kva heiter du? Eg heiter Martine.

Kor gamal er du, og kva for trinn går du i? Eg er 8 år, og går i 3 trinn.

Kva er det beste med å gå på skulen? Å treffe venner.

Kva er det beste med å bu i Todalen? Å få gå på ski.

Kva er yndlingsmaten din? Det er taco.

Kva er det beste med helga? Besøke venner og ete mykje godteri.

Kva skal du bli når du blir stor? Dyrlege.

Kva liker du å gjøre i friminutta? Eg liker å lage demning i regnet.

Kva er din yndlingstime? Det er gym!

Intervjua av Hallvard.

———————————————————– 

Kva heiter du? Eg heiter Anders.

Kor gammal er du? Eg er 6 år.

Korleis klasse går du i? Eg går i 1. klasse.

Kva er det beste med å gå på skulen? Å holde på med gym!

Kva er det beste med å bu i Todalen? Å kjøre firhjuling!

Har du søsken? Ja, ein lillebror han heiter Emil.

Kva skal du bli når du bli stor? Eg skal bli fotballspelar!

Kva er yndlingsmaten din? Det er pizza.

Kva liker du å gjere på fritida di? Å besøke venner.

Har du kjæledyr? Ja, kanin.

Kva er yndlingsfaget ditt? Det er gym.

Kva er yndlingsfarga di? Det er blå.

Intervjua av Ylva.

 ———————————————————–

Kva heiter du? Eg heiter Lisa.

Kva liker du og gjere på fritida? Eg liker og leike i sandkassa.

Kva er favorittmaten din? Det er frukostblanding.

Kva er favorittfaget ditt? Favorittfaget mitt er kunst og handverk.

Korleis klasse går du i? Eg går i 2. klasse.

Kva for dyr liker du best? Eg liker hamster best.

Kva liker du best med Todalen? At det er mykje sol.

Kva likte du best med sommarferien? Eg likte best å være på ferie.

Kva vill du bli når du blir stor? Eg vil bli kunstnar. Fordi eg synest eg er god til og male.

Kva er favorittfarga di? Eg liker blå best.

Intervjua av Nora.

 ———————————————————–

Kva heiter du? Eg heiter Fredrik.

Kor gamal er du? Eg er 7 år.

Korleis klasse går du i? Eg går i 2. trinn.

Kva liker du med å bo i Todalen? Å ha katt fordi eg kan kose med den.

Kva liker du med skulen? Eg liker å ta buss. Fordi det er artig å ta buss men det er også artig å ha gym. Eg liker gym for det er ein leik som heiter kortleken, den er kjempeartig.

Kva vil du bli når du blir stor? Eg vil arbeide på felleskjøpet fordi da kan eg selge traktor.

Kva er det beste med helga? Å treffe venner.

Kva er det du liker å gjere ute i friminutta? Eg liker å spele slåball.

Intervjua av Tor Asbjørn.

 ———————————————————–

Kva heiter du? Eg heiter Natalie Astrid.

Kor gammal er du? Eg er 7 år.

Kva for klasse går du i? Eg går i 2. klasse.

Kva vil du bli når du blir stor, og kvifor? Eg vil bli fotballspelar fordi eg likar fotball.

Kva er det beste med helga? Eg liker å sjå på tv og leike med Kevin.

Kva er yndlingsisen din? Blå.

Kva er det beste med å bu i Todalen? At det er bra.

Kva er det beste med å gå på skulen? Det er gøy.

Kva er yndlingsfarga di? Rosa.

Kva var det beste med sommarferien? At det var gøy.

Intervjua av Maria.

 ———————————————————–

Kva heiter du? Eg heiter Lars Ailo.

Kor gammal er du? Eg er 6 år.

Kva vil du bli når du blir stor og kvifor? Eg vil bli snekker og skikøyrar.

Kva likar du med skulen? Det eg likar best med skulen er å spele slåball og fotball.

Kva er yndlingsfaget ditt og kvifor? Eg likar best gym fordi det er artig.

Kva er yndlingsmaten din? Yndlingsmaten min er gullbygg graut.

Kva likar du og gjere på fritida di? Eg likar å hoppe trampoline.

Kva synes du var artigaste med å begynne på skulen? Å lære fotball og slåball.

Kva er yndlingsfarga di? Mine yndlingsfargar er blå og grøn.

Intervjua av Edel Therese.

 ———————————————————– 

Kva heiter du? Eg heiter Jakob.

Kor gammal er du? Eg er 6 år.

Korleis klasse går du i? Eg går i 2.klasse.

Kva likar du med skulen? Gym, mat og friminutt.

Kva er yndlingsfaget ditt? Mitt ynglingsfag er gym.

Kva vil du bli når du blir stor, og kvifor? Eg vil bli bakar, nei fotballspelar, nei forresten Banksjef! For da får eg ekstra pengar, trur eg.

Kva likte du best med sommarferien? At vi drog til Ålesund.

Kva liker du å gjere på fritida di? Å spele fortnite.

Intervjua av Van Adrian.

 ———————————————————–

Kva heiter du? Eg heiter Trym.

Kor gamal er du? Eg er sju år.

Kva vil du bli når du blir stor? og kvifor? Eg vil bli fotballspelar fordi det er morosamt, og eg har gått på fotball i 2 år.

Kva likte du best med sommarferien? Det eg likte best med sommarferien var at eg drog til legoland.

Kva er det beste med å gå på skolen? At eg har gym, det er morosamt.

Kva er yndlingsmaten din? Det er graut med soyamelk.

Kva leiker du med i friminutta? Eg spelar fotball og slåball.

Intervjua av Johan.

 

Først publisert: 25. august 2018, 05:00 - Sist oppdatert: 24. august 2018, 20:51