Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kveldsmesser og soknemøte

Kveldsmesser og soknemøte

Jon Olav Ørsal Sundag 14. oktober 2012

Stangvik og Todalen arrangerer viktige kyrkjekveldar denne veka. Tysdag 16. oktober er det kveldsmesse og soknemøte i Stangvik kyrkje – onsdag 17. like eins i Todalen. Sokneråda i begge desse kyrkjelydane har no vedteke si «Lokale grunnordning for hovudgudstenesta». Denne blir presentert som tilnærma ekte gudsteneste i kvar si kyrkje desse kveldane. Rett etter messa er det enkel servering og soknemøte der den nye gudstenesta blir drøfta og vurdert. Fråsegn frå desse soknemøta kan om ønskeleg sendast biskopen – som endeleg skal godkjenne ordninga.

Gudstenestereformen opnar for lokale variantar i tekst og musikk innan rammene av obligatoriske ledd. Sokneråda i både Stangvik og Todalen har bestemt seg for relativt små endringar i høve den liturgien folk kjenner frå før. Likevel knyter det seg spenning til kva folk meiner om vedtaket. For å bli bli skikkeleg kjent med korleis framtidig gudsteneste blir, er altså folk oppmoda om å møte opp til Kveldsmesse i Stangvik tysdag og Todalen onsdag.

Publisert: 14. oktober 2012, 22:41