Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kveldsgudsteneste med latinamerikanske rytmer og lovsong

Kveldsgudsteneste med latinamerikanske rytmer og lovsong

Jon Olav Ørsal Fredag 19. oktober 2012

Gruppa Allpa Yuraq frå Peru deltek på gudstenesta i Todalen kyrkje søndag kveld 21. oktober kl. 19.30. Her blir det latinamerikanske rytmer og lovsong til eksotiske instrument. Sist onsdag innførte Todalen si nye lokale «Grunnordning for hovudgudstenesta». Den er nokså lik den «gamle» liturgien som alle kjenner. 

Dei få endringane vil ein kjenne att i nokre tekstledd  –samtidig som den kjende ordlyden i t.d. «Fadervår» er teken vare på. Sjølve starten av gudstenesta er annleis, og dessutan er rekkjefølgja av nokre ledd forandra.  Melodiane i liturgien er ikkje endra.

No blir det spennande å oppleve korleis denne faste grunnordninga vil fungere saman med  latinamerikansk lovsong og rytmisk musikk – kanskje også med danseinnslag! Vikar Dag Øivind Østereng gjer presteteneste og er hovudliturg. Ein god del oppgåver ligg også til klokkar – no kalla «medliturg» – Ildri Sjøland Øyen. Klart for ei ny gudstenesteoppleving på fleire måtar i Todalen kyrkje søndag kveld altså!

Publisert: 19. oktober 2012, 20:29