Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kvelden før dagen – telthavari

Kvelden før dagen – telthavari

Jon Olav Ørsal Fredag 29. juni 2012

Sterke landvindkast har i ettermiddag gjort vei i vellinga for restaurant- og loppemarknadsteltet. I dei sterke vindkasta gikk telta overende, og vart delvis øydelagt. Det kom imilertid folk raskt tilstede og fekk kontroll over situasjonen, men da var nok skaden alt skjedd. Dugnadsmannskap vart sett på ryddejobben, og det er beslutta at loppemarknaden skal foregå i redskapshuset, medan det eine teltet som vart skadd er reparert og vil bli bruka som planlagt.

Det var i 16-tida fredag at landvindkasta vart så sterke at dei to store telta ikkje klarte å stå i mot. Todalsdagen går som planlagt, merd litt improiviserte løysingar og dei første fotballkampane startar alt laurdag morgon kl 9.30.

Publisert: 29. juni 2012, 22:22