Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvass/Ulvungen J9/10 – Søya/Todalen J9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. september 2020

Torsdag kveld drog Søya/Todalen J9/10 til Ålvundfjorden for å spele kamp mot Kvass/Ulvungen sitt J9/10 lag. Kampen vart spela på Ålvundfjord stadion.

Det vart ein jamn kamp der Søya/Todalen tok leiinga. Kvass/Ulvungen hadde eit lite spelemessig overtak i første omgang, og greidde å putte inn nokre mål. Men i andre omgang var det Søya/Todalen som dominerte kampen. Kampen enda likevel med ein knapp heimesiger. Søya/Todalen spela sin desidert beste kamp for sesongen. og trenar Jens Nervik er storfornøgd med laget sine prestasjonar i kveldens kamp. Spesielt i andre omgang spela laget verkeleg god fotball. Laget har utvikla seg enormt sidan første kamp, noko som lover godt for fortsettinga på sesongen.  

Søya/Todalen sine målscorarar var: Anna Vikan 2, Signe Stenberg 1 og Oda Helene Kvendset 1. 

Torsdag den 24.september skal laget spele kamp på Bordholmen kl. 18:00 mot Surnadal.  

(Foto: Anton Brusethaug, Arkiv)

 

 

Først publisert: 10. september 2020, 20:38 - Sist oppdatert: 11. september 2020, 10:44