Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kursdag med politioppbud på Nordvik…

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. april 2016

Det var nok mang ein nordvikgarding som spekulerte på kva som skjedde i Myra på Nordvik i dag tidleg.  Eit oppbud av politi og politibilar er ikkje kvardagskost på Nordvik, sjølv om dei har sin eigen Per Politi. Men det var nok heilt utan dramatikk i dag, for det var lokalt politi som deltok i kurs, fortalte Steinar Lervik som var kursleiar for lokale polititjenestemenn frå Nordmøre.

Politikurs_8631

I full mundur og bevæpning (paintballvariant). Frå venstre Olav Halse, Helge Berg, Steinar Lervik (instruktør), Per Andreassen, Anders Magne Ormset, Tor Hansen, Åse Berit Løset og Raymond Myklebust. Foto: Jon Olav Ørsal

Han fortalte vidare at dei er i gang med den årlege vedlikehaldstreninga, og har vore så heldige å få låne Myra på Nordvik til dette formålet. Gjennom kurset skal dei gjennom forskjellige emner, som skyting, taktikk, arrestasjonsteknikk, førstehjelp og meire til. Dette er eit kursopplegg som går over 48 timar som altså må gjennomførast kvart år.

Vanlegvis skjer dette i Kristiansund, men denne gongen har vi snudd litt på dette, slik at instruktørane reiser ut og kjører kurset lokalt. Dei fleste deltakarane kjem får dei lokale lensmannskontora i Surnadal og på Halsa. – I dag har vi kjørt kurs i takktikk og pågriping og det er gull verdt for oss at vi har eit heilt hus vi kan bruke i den samanhengen, seier Lervik.

Publisert: 27. april 2016, 12:56