Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sissel Halset Storslett framfor eit av måleria ho har med på utstillinga "Haustlys" Ser du kvar motivet er frå?

Kunstutstillinga «Haustlys» opna

Guro Redalen Laurdag 21. november 2020

Surnadal Kunstforening markerer overgangen mellom haust og vinter med utstillinga «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Todalingen Sissel Halset Storslett er ei av dei 14 av medlemmane av kunstforeninga som er med på utstillinga som var opna laurdag 21. november.

Med Alex Trio og tonar frå varmare strøk der sola faktisk skin hakket oftare enn på «Schjess» vart utstillinga opna. Og det var godt med folk som hadde teke turen, for ja vi er vel fleire som set litt ekstra pris på å sjå og oppleve noko saman no? 

Sissel Halset Storslett har fleire måleri med på utstillinga, og dei skarpaste heimbygd-augo vil nok kanskje tippe kva for måleri ho har signert under her?

I tillegg til Sissel Halset Storslett, er det Gudrun Langli Stølan, Anne Grete Kvendset, Rannveig Brøske, Margit Langli Wiik. Bjørn Stenberg, Kari Synnøve Moen, Brit Dyrnes, Kirsti H. Eriksson, Ingebrigt Flor, Anne Vognil Einum, Jorunn Kraft Mo og Anne Marie Rognskog som er utstillarar på ei svært variert utstilling som bilda under syner.


Det er òg ei eiga krå med anna handlaga av medlemmane av kunstforeninga som er til sals. Noko å tenkje på for deg som er på jakt etter julegåver kanskje?

Utsillinga står til 6. desember og er ope når resepsjonen til kulturhuset er open, og er verkeleg verdt ei besøk om du treng å varme deg på noko etter møte med novembergufsen på Skei.

Publisert: 21. november 2020, 18:56