Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kulturvandring søndag 10. juni

Kulturvandring søndag 10. juni

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. juni 2012

Stangvik historielag melder om  kulturvandirng til Nordviksetra og Svinviksetra søndag 10. juni. Start frå Nordvik forsamlingshus kl. 1000. Vi kjører bil etter bomvegen  til parkeringsplassen ved Sørbrua. Vidare vandrar vi i roleg tempo langs vegen til inntaksdammen for Nordvik Kraft,  og etter myrane innover til Svinvikseterstølen. Svein Olav Svinvik er med som kjentmann og kan fortelje om både nysetra og gammerlsetra i Svinvika.

Frå nysetra følgjer vi den gamle setervegen langs Svinvikstigann til gammelsetra som ligg høgt oppi Svinvikhamrane rett ovanafor Svinvikgarden. På tilbaketuren går vi fram på Svinvikhamran og får med oss ei storslagen utsikt over Nordvik, Drøpping, Kvanne og utover fjorden. Da er det strake vegen ned til parkeringa og Sørbrua. Der går vi over elva og kjem inn på Nordvikseterstølen der vi kan sjå på tuftene etter både gamle seterfjøs og seterløer. Her tek vi ein rast på seterstølen og folk kan få kose seg så lenge dei vil. Ta med mat og drikke, det blir innlagt matpauser undervegs.

Først publisert: 7. juni 2012, 01:10 - Sist oppdatert: 2. mai 2013, 00:01