Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kulturvandring» oppi Årnesliene.

Marit Haugen, Stangvik Historielag Sundag 14. juni 2015

Sjølv om været og værutsiktene var forholdsvis dårlege, hadde eit 50-tals personar møtt opp ved Jørristufjøset på Årnes for å vera med på turen. Før start samlast vi ved grendahuset, der vi song «Vandringsmenn synger», akkompagnert av Bernt Bøe og Nils Røv. Akkurat da var været «så nokon lunde», sola kika liketil fram. – Det er oppsett over 200 namneskilt i området, og enda skal det oppsettast  om lag 100 skilt til før det er ferdig-merka. Og til sammen er det merka/rydda ca 3 mil med stigar/skogsvegar uti liene her. Vidare er det oppsett postkassar med trimbøker og benkar med bord på fleire plassar.

051

Før start, ved grendahuset

Vi starta så på turen etter skogsveg opp liene. Det var ikkje lenge før Nils Røv stoppa og fortalte litt om fuglar og planter vi såg. I veg-kanten voks bl.a. Mjødurt og Hestehov; båe to gode til å koka seg the på, fortalte han …..

052

Oppe på Persullukammen

Så fortsette vi etter merkinga opp mot «Kammen», og gjekk bl a forbi ei gammel «kol-mile». Her hadde det nok vore produksjon av  tjære. Oppe på Persullukammen hadde vi fin utsikt over mot Hamnesfjorden og Solemsøya. Her tok vi ein liten stopp, og dei som hadde med niste fann fram denne. Vi var no oppe på knappe 300 m o h. Her var det furua som dominerte, det var mykje åpnare enn nede i lia, der vi delvis gjekk gjennom tett granskog. Vi fylgde så åskammen innover mot Vargtollhaugen, før vi tok leia ned mot Årnesgardane igjen. Det vart fortalt at kortvokst, lita furu, har vorte kalla «varg», (døme: f eks «Varg-øya»), Vargtoll-haugen vart dermed «smør på flesk» ….. På nedturen gjekk vi gjennom ein fin «Halt-skog» – her vermte nok sola godt når skylaget ikkje låg framfor!

 

 

058

På tur mot Vargtollhaugen

Tida går fort når vi går så mange i følge på tur, så da vi kom ned på siste skogsvegen som førte ned til gardane, vart det diskusjon om vi skulle gå direkte ned til grendahuset, eller vi skulle ta omvegen om Musters-husa (Øvertrøinn). Dei fleste var nok svoltne, og tykte at turen hadde vore lang nok, så det vart berre ein 5-6 stykkjer som tok «omvegen» om Musters-husa. Dei «består» av eit hovedhus der «sjølvfolket» budde, samt eit hus til tjenarane. Husa var «sammenbygde», slik at dei ikkje trong å gå ut for å gå mellom dei.  Vi vart og imponert over dei fine steinmurane som var oppsett langs vegen, og ikkje minst det flotte steinbordet som var oppsett frampå hammaren. Det vart fortalt at Albert Ness frå Stangvika, var med og sette istand husa og steinmurane medan han arbeidde i gruva. Det er Gammelvegen om Årnes og vidare til Hamnes som går forbi her, noverande eigarar av Mustershusa brukar denne vegen (frå Sjøflot), når dei er her.

060

Varg-toll?

Etter turen var det matservering og samling i Grendahuset. Karen Waag, med sine hjelpeskvinner, hadde koka kaffe og stelt istand mykje god mat som venta oss – rundstykkjer med mykje godt pålegg, graut og bakels, sveler og mange gode kaker .

068

Det vart fullt inni grendahuset

Turstigruppa hadde og ordna med underhalding, Gunn Signe Aarnes las eit par stykkjer frå ungdomslagsprotokollen , der vi fekk høre om julelag i Torvika sist på 1930-talet. Og så las ho opp eit stykkje far hennar, Daniel Aarnes  hadde skreve om Årnesgruva (Gruva vart nedlagt i 1978). Artige og interessante stykkjer alt saman! Det vart og allsong, som vart akkompagnert av Bernt Bøe på det gamle trøorgelet som står i stua. Vidare fekk vi eit lite kåseri av Nils Røv, han spela og fleire fine melodiar på instrumenta sine: munnspel, munnharpe og fløyter. – Kanskje finaste «musikken» serverte han når han imiterte fuglelydar med plystring.

Ein fin tur, og ei triveleg stund i grendahuset vart avslutta med at forsamlinga song «Fager kveldssol smiler», med orgel og munnspel attåt. – Den songen hadde nok vore songe mange gonger i den gamle skulestova.

Publisert: 14. juni 2015, 10:03