Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturhuset: Heftig mellom to damer og to herrer

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. mars 2019

Når søskenpara Hemsing og Larsen slår seg saman, ligg det an til ei gnistrande konsertoppleving i Surnadal kulturhus 25. mars. Dei blir kvar for seg rekna mellom dei ypperste musikarane på sine felt, og summen av samspelet mangedoblar opplevinga, skal vi tru dei som har hørt desse fire før. Måndag vil «To damer, to herrer» presentere eit program som vekslar mellom folkemusikk frå Valdres og Trøndelag til verk av Bach, Ole Bull og deira eigen Gjermund Larsen.

Gjermund Larsen er altså ein av herrene. CV-en på han er for lang til at nokon har skjerm stor nok til å lese den. Det gjeld for så vidt også dei andre tre. Men forutan eigne komposisjonar og plateproduksjonar, kan vi nemne at han m.a. har vunne Spelemannsprisen seks gonger og har vore nominert til ein Grammy.

Den andre herren er broren Einar Olav Larsen som også turnerer heime og ute i den store verda; like komfortabel med å spele til dans som til konsert. Einar Olav handterer både den vanlege fela og hardingfela like suverent.  Dei to damene, Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, har klart å etablere ein eigen festival med internasjonalt snitt, Hemsingfestivalen. Og det same internasjonale snittet pregar også dei sjølve som musikarar. Ragnhild Hemsing spelar gjerne både folkemusikk og klassisk. Av dei mange prisane ho har «raska» med seg, kan ein m.a. nemne at ho i 2014 vart den første her til lands, og den yngste uansett land, som fekk den prestisjetunge tyske Beethoven Ring Prize. Eldbjørg Hemsing har også spelt med mange symfoniorkester i inn- og utland, og fekk æra av å opne Nobelkonserten i Oslo Rådhus 2013. Eldbjørg Hemsing debuterte også med eiga plate i fjor, med Wiener Symphoniker og Olari Elts.

Publisert: 21. mars 2019, 19:27