Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kuldegrader i vente – vi prøver oss med is igjen…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2017

Det er meldt kuldegrader utover komande veke – no prøver vi oss på å lage is igjen, seier Anders Gjeldnes som står med vasslangen og sprøytar vatn på asfaltplassen på Bordholmen. Det har den siste tida vore mangel både på snø og is, men no er det altså håp for at det kan bli aktivitet på skøytebanen på Bordholmen.

Blir det kaldt i natt er det håp for skøyteis på Bordholmen måndag kveld. Foto. Jon Olav Ørsal

Skiføret i lysløpa er det dårlegare med, og det er heller ikkje noko nedbør i vente komande veke ifølge vêrmeldinga på YR.NO som melder kaldvêr fram til neste tysdag. Dersom det blir litt kaldt i natt og utover dagen i morgon skulle det ligge an til aktivitetar på isen måndag kveld.

Publisert: 5. februar 2017, 22:33