Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kristoffer felte 10-spiring

Elinor Bolme Laurdag 16. september 2017

Hjortejakta er godt i gang, men ikkje alle jaktlaga i bygda har starta haustens eventyr. Så langt er det berre Kårvatn jaktlag som har meldt om viltfall etter oppstarten 1. september. Kristoffer Nordvik fekk i dag eit prakteksemplar av ei 10-spiring i siktet og fekk inn ein fulltreffar.

Jaktlaget har denne helga med seg ein gjestejegar i forbindelse med at Svorka trekkjer ut ein heldig  kandidat som både har medlemskap i Norges Jeger og Fiskeforbund og Svorka som straumleverandør. Den heldige denne sesongen var Magnus Hassel frå Oslo.

Magnus Hassel og jaktsjef Ragnar Halle tek seg tid til å posere før arbeidet med vomming startar.

Magnus er ein erfaren jeger, som i helga får full oppvartning av Svorka saman med Kårvatn jaktlag. Dagen endte nesten perfekt, med ein 6-spiring på post i siste jaging. Dessverre var ikkje denne på kvoten, og den fekk tasse vidare. 

Kårvatn jaktlag starta jakta den 1. og har til no skote både ein bukk og spissbukk, før dagens bukk. I morgon satsar dei på nye sjansar.

Jaktlaget på Kvendset starta jakta i dag, og der meldes det om observasjonar av både dyr og mykje spor. Kongelaget satsar også på fall i morgon fortel ei sikker kjelde på Kongelaget. 

Under er enda fleire bilder fra dagens jakt på Kårvatn. Alle foto Ivar Bolme

Publisert: 16. september 2017, 22:08