Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Krim på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. november 2020

Onsdag 18.november kl. 18:00 inviterer Møre og Romsdal fylke og Surnadal bibliotek alle til biblioteket på Surnadal kulturhus. Da kjem forfattaren Chris Tvedt på besøk. Tvedt er fødd i 1954 og kjem frå Bergen. Han er studert jus og litteraturvitenskap ved UiB. Han jobba som advokat fram til 2005, men har sidan da vore forfattar på heiltid.  

Chris Tvedt debuterte i 2005 med boka «Rimelig tvil». Han fekk i 2010 Rivertonprisen for romanen «Dødens sirkel».

Boka «Rimelig tvil». Foto Cappelen Damm

Tvedt har opparbeidd ein stor lesarskare med krimromanane sine, og da spesielt med dei, til no, åtte bøkene om den litt «lurvete» advokaten Mikael Brenne. I desse bøken skriv Tvedt, på ein forbiletleg måte, om rettssaldrama der Brenne ofte kjem i fokus, samstudes som han har ei «eiga emne» til å hamne i mange spennande og dramatiske situasjonar òg utanfor rettssalen, i jakta på sanninga.

«Formildende omstendigheter» som kom ut i 2019 er den foreløpig siste boka hans i serien om Mikael Brenne, ei bok Stavanger Aftenblad meinte var fjorårets aller beste norske krimroman.

Boka «Formildende omstendigheter». Foto: Gyldendal 

Tvedt har òg skrive tre krimromanar, der hovudpersonen er den pedantiske Kripos-etterforskaren Edvard Matre. Første boka i denne serien, «Av jord er du kommet», kom ut i 2012.   Han har òg  nokre ungdomsbøker på «rullebladet», og han har ei fast ukentleg spalte i Bergensavisen. 

Chris Tved  er omsett til dansk, tysk og nederlandsk. 

Chris Tvedt vil denne kvelden snakke fritt rundt det å vere krimforfattar og korleis ein krimforfattar arbeider med stoffet sitt. Så dette ser ut til å bli ein «kriminelt» bra og interessant kveld. 

Det er, som alltid på biblioteket, gratis inngang!

Publisert: 6. november 2020, 07:00