Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Krigsminne blir til film

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mars 2015

Indre Nordmøre forsvarsforening har engasjert Eistein Bæverfjord til å lage ein dokumentarfilm om minne frå siste verdskrigen i Surnadal kommune. Denne filmen skal ikkje dokumentere politikk og krigshandlingar, men ha meir fokus på spesielle minne og enkeltepiosodar frå kvardagslivet under krigen. Eistein Bæverfjord er innom alle bygdene i kommunen for å intervjue personar på rundt 90 år for å høyre korleis dei som ungar eller ungdommar opplevede krigsåra. Det er på tide at dette arbeidet blir gjort  – menneska som kan fortelje frå denne tida, er no godt opp i åra.

Todalingar

Martinus, Ingvar og Olina hadde mykje å fortelje om frå krigens dager. Foto: Dordi Jorunn Halle

Tysdag var turen komen til Todalen, og her møtte han Olina Halle, Ingvar Øyen og Martinus Torvik. Eit mål her var å få dokumentert historia til Anton Husby, han gjekk ned med panserskipet «Norge» i aprildagane 1940. Dette kunne Martinus fortelje mykje om.  Vidare fortel Eistein at det i 1942 vart det innført danseforbud i landet, mellom anna for å ta knekken på Noregs ungdomslag. Han lurte på om ungdommane i Todalen overheldt dette påbodet. Da kan Olina og Ingvar fortelje at i Ungdomshuset kunne dei ikkje danse, men om helgekveldane dansa dei i Nilsstua eller i Øya, og sommarhalvåret mest på ekrå oppi Hauå – nedunder Pettbakkå. «Og, vi bruka grammofonen hans Wulvik», minnest dei. Og ekrå vart hardtrappa og graslaus til slutt.

Filmen skal ha premiere utpå hausten, men onsdag 8.april er krigsminne tema på onsdagstreffet på Kulturhuset. Da blir det vist smakebitar frå filmen, også med innslag frå Todalsbesøket.

 

Publisert: 31. mars 2015, 20:00