Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kraftkar på lestå – del to

Guro Redalen Torsdag 13. april 2017

Dette har hendt: Handelsmann Nordvik har brote saman etter nærkontakt med ei tom pappøskje på det bakre bakrommet. Kvifor? Det er det ingen som har skjønt enno, så her gjeld det å henge med vidare. 

Soknerådssekretær (Red.anmrk: tidlegare Husbyggar) Gjeldnes draup ein drope på analyseapparatet. Nå var det berre å venta. Han nytta høve til å lese seg opp på facebookgruppa Vi som har hatt mat med mjølk som 4H-oppgåve. Som vanleg var det mest nye innlegg frå forsmådde 4H-mødre som ikkje syntes dei hadde fått nok takk for at dei fullførte oppgåvene til ungane sine. Soknerådssekretær Gjeldnes sukka og tasta seg vidare til siste nytt på todalen.no. Opningstider for kiosk i påska. Kjerringdilt. Utegudstjeneste. Finale i sjakkturneringa. Dagens bilete synte snødekte fjell. Som dagen før. Og dagen før der. Og der. Han kunne faktisk ikkje hugse sist det var ein dag med menneske på biletet. 

Det plinga i analyseapparatet og Soknerådssekretær Gjeldnes reiste seg. Lyste det raudt som dei tidlegare testane? Nei, grønt! Grønt som graset, vona og mugg. Det var negativt når prøvane var negative, men endå verre når dei var positive på noko negativt. Det einaste positive var når prøvane var positive på noko positivt. Og det var det no. Nok filosofering. Han fann telefonen og skreiv kjapt ei melding ” Grønt! No blir han nok gammel læll” ”Tek turen etter fjøstid!” peip det tilbake. 

Soknerådssekretær Gjeldnes gjekk inn igjen til det ombygde spisskammerset og låste døra. Han iførte seg vernebriller, asbestmaske og slalåmhanskar. Forsiktig greip han om ei krukke med ukjent innhald, løfta ho opp mot lyset og tok fram mobilen for ein sjølvfi. ”Cheeeeese” sa han medan han smilte til kameraet. Eit par tastetrykk, og biletet var på veg til Dagens bilete-redaksjonen. 

Det summa i påskestemninga på Halsbua. Overredaktør Ørsal var på plass med kameraet for å ta pulsen på kaffekroken. Tidlegare på dagen var det avduka ein serie med foto frå desember 1990 då Norge Rundt feira at Vangsgutane var 50 år med å filme eit par innslag frå det populære juleheftet. Her skulle òg påskeheftet lanserast, noko bakelsetarane i kaffekroken hadde sett fram til. Men Handelsmann Nordvik måtte med dirrande stemme fortelja om dramaet på bakrommet og beklage at det ikkje vart noko påskehefte. Det summa godt over kaffekoppane. Så gjekk praten over til at det låg skodde i Rambjøra, eit kjent vêrteikn på at det er regn i vente. For sjølv om folk alt var solbrente, var dei klar for meir grilling. 

På kontoret til Handelsmann Nordvik pågjekk det ei anna form for grilling. Frk. Bladfyk var tilkalla og innlemma i dramaet om påskehefta. At ho først fekk naudtelefonen etter at politiet ikkje gadd å ta turen innover var noko ho ikkje tenkte så mykje på lenger. Ikkje så mykje i alle fall. 

Uansett. Det viktigaste var no å få eit oversyn over saka. Kven var kvar? Kvar var kven? Og kor? Som arving av bygdas største samling av Vangsguthefte visste ho kva som sto på spel. Og ikkje minst verdien av eit slik eksklusivt parti. Handelsmann Nordvik svarte så godt han kunne, men var tydleg rastlaus. Varer skulle plasserast, og plakatar skulle skrivast. Det var enno viktigare no når kronhjorten av påskevarer var borte frå sortimentet. På radioen surra det ostepop. 

Frk. Bladfyk sto på det bakre bakrommet. Det var teikna eit omrissa av ein mann med sombrero på golvet. Så det var altså her det skjedde. Prærien var nok ein gong råka av tjuveri. Og det av den mest sporlause måten. Ho snusa litt ut i lufta. Kva var den lukta? Lager, men òg noko som har vore lagra lenge. 

Ho hadde jobba seg systematisk gjennom rommet. No var ho ved Det heilage Plakathjørnet. Men kva var dette? Ein lapp hadde kilt seg fast mellom møresild og mølsgraut ”Ikkje kvikk levering før søndag…” las frk. Bladfyk høgt. Det knirka i døra. Nokon var på veg inn på bakrommet. Og det var ikkje Handelsmann Nordvik. 

Trudde du kanskje frk. Bladfyk hadde klart å halde seg unna barndommens dal denne påska, og teke fri frå påskekrimløysing? Neppe. Men kven trur du driv å knirkar i bakromsdører på Halsbua? Og Soknerådssekretær Gjeldnes, får han Dagens bilete i morgon? Følg med!

Høyr dagens episode her:

Først publisert: 13. april 2017, 06:00 - Sist oppdatert: 12. april 2017, 07:48