Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kraftkar på lestå – del fire 

Guro Redalen Laurdag 15. april 2017

Dette har hendt: Eit eksklusivt opplag av påskeheftet med Vangsgutane er borte frå bakre bakrommet til Halsbua. Verken bak – eller formenn har til no gjeve lyd frå seg. Eller satt spor etter seg. Vil bygda mellom Trollheimsfjella få vite utviklinga av romansen mellom Sterk-Ola og Sigrid før Hønhashjn går åv? 

Påskesola breia seg utover dalen der elva går i foss og sving. På Øverskaret i Romålia var det perfekte fotoforhold. Årets bilete-vinnar 2011, 2012 og 2014 skoda utover dalen. I fotolinsa kunne han sjå at Temperaturmålar Bruset var ute å sjekka grasplena. Vidare kunne han sjå at på kjøkkenet til Soknerådsmedlem Bruset sto bakelsjarnet i. Burde han ikkje sjekke den bakelsplata snart? Den hadde steikt opptil fleire minutt. Der dukka bakelssteikaren opp med ein ostehøvel i handa. Verka som at det straks var klart for servering. Hm, det var kanskje på sin plass å svinge tilfeldig innom seinare … Vidare. Skal vi sjå. Der var Bruset. Eller Breiset. Og Vangen. Årets bilete-vinnar 2011, 2012 og 2014 mumla fram: 

“Oppunder bratte lia ligg det ein liten gard som heiter Vangen. Mannen som har bygt her, heiter Hans. Han arbeider hardt med å livberge seg og sine. Kona hans heiter Sigrid. Ho er like arbeidsam som han. Ho steller i fjøs og stue, ho lagar mat og held i stand kleda til mannen og dei to smågutane sine. Dei heiter Steinar og Kåre…” 

Påskebua var pynta med plakatar med påskevarer og påskestemning. Der påskeheftet av Vangsgutane skulle ha vore utstilt sto den tomme pappøskja. Over hang ein informativ plakat med skildring minutt for minutt kva som hadde hendt på åstaden. Fjesbokvarslar Moe hadde vore behjelpeleg med å fotografere Handelsmann Nordvik medan han peika på reolen der udåden hadde utspela seg. Ved øskja låg ein bunke gamle julehefte som du kunne kjøpe i selskap med plakaten ”Julhefte vara hælt te påsk!” På den opprinnelige kroneforma plakaten hadde det stått: ”No står ikkje vera te pins, e Sterk-Ola æn ækte prins???” 

Og handlekorgene dei fylltes av påskelasagne (”Til middagen tar vi nå et sprang, og starter med en sang. Og spiser dagen lang, da sjølvsagt KUN lasagne!”). Påskemiddagsris som skulle vere perfekt til påskelammet (”Vi har slutta med potet. Ita ris!”). Påskeost med kosteskaft (”Ost så de kost!”). Påskeskummamjølk (”Fløyte gjør deg feit og tung! Skumma held deg slank og ung!”) Det var og fleire andre varer som for anledninga var ”KJØLE BELLE!” Ja, det å pakke ut varene etter ein tur på Halsbua i påska var meir som å opne eit påskeegg. 

I kaffekroken diskuterte dei observasjonen av at ei svulu (svale) som flaug høgt, og at det nok var meir godvêr i vente. “Ei-svulu-gjer-ikkje-nå-sommar-utropstægn-stopp-Kjøp-solkrem-no –så-du-ikkje-bli-hommar-utropstægn-stopp” las Handelsmann Nordvik inn på plakatdiktafonen før han hasta vidare i butikklokalet. Det var på tide å hente helgeavis på 

Todalskrysset, men kvar var eigentleg Bladfyk? Hadde ikkje ho vore litt lenge inne på bakrommet no? 

Handelsmann Nordvik hadde ikkje før tenkt tanken før han høyrte ei dunking frå kjølerommet. Det var frk. Bladfyk! Passe blå og passe muggen. Døra til kjølerommet var sperra av ein kasse med varer frå meierisamvirket Tine. Han fekk opp døra, og meierivarer bytta plass med Bladfyk utan meir dramatikk. Ho hakka tenner og prøvde å seie noko. 

”Skjønna ikkje nå! Bli med i Støvbrettet, der er varmapparatet betre enn DAB plussminus dekninga i tunnelen” Handelsmannen leda an til varebilen. Han var alt seint ute for å hente avisene, her måtte det gå kjappare enn årsmøtet til historielaget. Ja, til og med enn å skifte kleding på ein utevegg på Skihytta! 

Påskekrimmens vegar er uransaklege, du trudde kanskje du skulle bli klokare etter å ha lese del fire? Og svulu, er det eigentleg eit ord eller ein nedarva talefeil? Kva skjedde med leveringa av varene frå Tine? Her er det heilt klart ugler i mysen. Følg-med-utropsteikn- stopp. Følg-med-utropsteikn-stopp.

Høyr del 4 her:

Først publisert: 15. april 2017, 06:00 - Sist oppdatert: 12. april 2017, 07:49