Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kraftkar på lestå – del 1 

Guro Redalen Onsdag 12. april 2017

Det er påske 2017. Lufta bevar tå søget av vår og det som er i vente. Himmelen – rein og klår. På fjelltoppane ligg snøen enno grå og tjukk som luggen til presidenten over dammen. Folk drøymer om skispor med god gli i kvar ein sving, og at sola skal gje frekner og fine Dagens bilete. Her he du Todalen, ein heilt vanleg vårvinterdag – og det er på tide å ta fatt. 

«Å, er det ikkje fenomenalt!» sa Handelsmann Nordvik. Han tok eit djupt andedrag og kjende eimen av rykande pølsebål og eigongsgrillar i heile dalføret. Handelsmannen var like glad i påska som i nærbutikkhandel. Han snudde seg mot staben som kom halsande etter han. «No,» sa han, «ja, no går sola straks ned over Håle, og vi må vere best mogleg førebudd på alle glade solsvidde fjes som kjem ned frå fjellet for å handle nært.” Han tok seg til hjartet for å gjere det enda nærare. ”Og no, endeligen kan vi trille ut alt av godsaker som kan puttast på eit bål eller ein grill. Og om det eigentleg ikkje kan på bålet … ja då skriv vi ein plakat som godkjenner grillings” Han vinka medarbeidarane etter seg, og skunda seg inn innover butikken til lageret og kjøla. 

Fjesbokvarslar Moe var òg med på slep, og la kjapt ut ei bilete på verdsveven av utflukta med teksten: ”Fint påskfør på Halsbua ja” Han sjekka kjapt mobilen om det var kome nokon tomlar opp. Nei, ikkje enno. Men var det ein skugge bak reolen med potetgull. Fjesbokvarslar Moe såg nærare på biletet han hadde lagt ut. Det kunne ikkje stemme. Det var jo ikkje fleire i butikken. Han hasta seg inn etter dei andre. 

Handelsmann Nordvik gjekk frå vare til vare i sin eigen butikk, med sombreroen frå Mexicansk veke på hovudet. Han tenkte høgare og breiare på den måten. Og grunna den kjekke snora under haka trong han ikkje halde på hatten medan han og Halsbua sine tilsette fauk frå den eine reolen etter den andre. Kyllingfiletar, kinakål, kaviar, klinkekuler, kleshengar, kalvegrime, klisterfjernar. Kvar ei krik og krå vart granska for varer som kunne takast med ut til påskebutikken. Det skulle bogne av burger, brus, bølgjeblekk og Bremykt. Brylkræm? Klart det! ” E-du-annjsæmm,-gløm-hårklæm- kjøp-brylkræm-utropsstægn-stopp” dikterte handelsmannen i plakatdiktafonen. 

Halsbua sine tilsette følgde på, dei bar på høgare og høgare varetårn, men ennå var han ikkje ferdig. H.M Nordvik visste nemleg kva som skulle være blikkfang, noko sjølv kresne byfisar og andre handelslekasjar kom til å putte i korga. På det bakre bakrommet hadde han nemleg eit lite opplag av påskeheftet til Vangsgutane. Han, og fleire andre i kaffekrokjen, var så spent på om Sterk-Ola Bakken endeleg etter 75 år var ”på lestå”? Stemte det verkeleg at han gjorde sine hoser grøne til Sigrid Vangen (jmfr. Juleheftet 2016)? H. M Nordvik hadde fått ordna eit nytt hefte med fortsettinga sporenstreks etter at juletreet var hiva ut. Å halde folk på pinebenken eit heilt år gjekk faktisk ikkje an! Jula varer kun til påske, så no var det på tide å få løysinga. At Fonna forlag som gav ut julehefta ikkje hadde bete på ideen og skjønt alvoret hadde ikkje hindra han. Nokon måtte bere ta det ansvaret. 

Men med det same Handelsmann Nordvik opna døra til det bakre bakrommet, kjende han eit ubehag. Det var noko gale. Dei tilsette og Fjesbokvarslar Moe vart ståande igjen og nøla, medan handelsmannen storma inn døra. Plutseleg bråstoppa han. Han stakk nasen i vêret. Han lukta. Hovudet hengsla frå side til side, han kikka i reol etter reol der bak, skanna varer betre enn eit kassaapparat. Til sist festa han blikket på ei kasse. Ho var tom. Tom!!!! Det søg i sombrerospennet, da han navigerte mot det som skulle ha vore ein bunke med århundrets kjærleikssoge. Han løfta kassen og såg under. Nei. ”søkkvekk!” ropte han. Halsbua sine tilsette hiva frå påskevarene, kom stormande til og forsøkte å hjelpa, men… Handelsmann Nordvik hadde sege ned på golvet. Han knua, ja riktig tviholdt på den tomme kassen. 

Brå start på den stille veka for vår helt Handelsmann Nordvik og hans efterfølgere. Vil han nokon gong sleppe taket på den tomme pappøskja? Og kva var skuggen på bilete til Fjesbokvarslar Moe? Var Lundegaupa frå påskekrimmen 2015 eigentleg Larris som tuska rundt området? Var det Mannen med skjegg? Neste episode kjem i morgon.

Høyr del 1 her:

Publisert: 12. april 2017, 09:00