Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kraftforet kom sjøvegen

Kraftforet kom sjøvegen

Jon Olav Ørsal Fredag 2. august 2013

Vi er vant til at kraftforet kjem etter landevegen med bulkbilar frå Norgesfor Røv Mølle. Etter at vegen vart stengt vart dette sjølvsagt eit stor problem, ettersom bøndene i Todalen brukar fleire tonn kraftfor kvar dag. Berre til hønehuset og oksefjøset i Pestua går det rundt 2 tonn kvar dag, året rundt.

Men raset har vist at når folk vil, er det muleg å få til alt. Kreative sjeler finn alltids ei løysing, og det vart det også denne gongen. Godt samarbeid med Røv Mølle og Kystverket og lokale aktørar har gjort at det alt torsdag kveld kom kraftfor sjøvegen. Fredag kveld kom det ny forsyning på rundt 20 tonn, og dermed er situasjonen redda til landgangsfartyet er operativt måndag føremiddag.

Røv Mølle pakka kraftforet i storsekk på rundt 700 kg kvar. Dette vart så transportert til Kvanne på kvanne og mesteparten vart lasta over på Kystvaktas båt og transportert inn til MøreTres anlegg på Ansnessaga. Resten vart frakta dit på ein liten lekter. På ansnessaga vart storsekkane lasta over på traktorar og frakta til gardbruka rundt bygda.

Den neste utfordinga blir no å få drivstoff til bygda. Om drivstoffet på tankane til HalsOil held til måndag, så kan tankbil med bensin og diesel fraktast med landgangfartyet inn til HalsOils anlegg på Kvennsetøran. Dersom dette drar ut vil det bli naudsynt å frakte inn drivstoff sjøvegen.

Vareleveranse til Matkroken L. Hals har også kome sjøvegen. Vi vil berømme alle som har hjelpt til for å finne både kreative og utradisjonelle løysingar for å kome ut av den vanskelege situasjonen som har oppstått etter raset.

Det arbeides også med å få til ei løysing for levering av mjølk. Les meir om det på Driva.no og Nationen.no

Sjå bildeserien frå kraftfortransporten som kom sjøvegen til Todalen, pluss et par humoristiske «bonusbilder».  Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 2. august 2013, 23:47 - Sist oppdatert: 3. august 2013, 20:37