Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kosa seg på sjøisen

Kosa seg på sjøisen

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Laurdag var det stor utfart på sjøisen. Det var litt kald vind, så det var best å halde seg i aktivitet. Men midt på dagen kom sola på ein visitt og da vart det betydeleg betre. Men det var stor aktivitet på sjøisen i dag, med både fiske, ishockeykamp og grilling. Eit hundretal store og små todalingar sørga i allfall for å halde kvarandre med selskap på denne fine vinterdagen.

Vår redaksjon var forhindra i å delta i aktivitetane på sjøisen i dag, men vi har fått bilde tilsendt både frå Ingeborg Myrvang og frå Carina Talgø. Nedafor finn du eit lite galleri frå dagens aktivitetar.   Foto: Ingeborg Myrvang

Publisert: 26. januar 2013, 18:33