Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Korleis ser arbeidsplassen din ut?

Elinor Bolme Torsdag 19. mars 2020

I dag hadde vi lyst til å gi ei ekstra heimelekse til alle elevane som må tilbringe skuledagane heime i lag med søsken, mor eller far. Vi har derfor fått Marit Lediard til å legge inn dette som ein av oppgavene for dagen for elevane i 5. til 7. klasse i Todalen.  Vi ønsker nemleg å få tilsendt eit bilde frå der elevane no sitt og arbeider, slik at vi kan laga ei sak på det her hos oss. 

Er det enda fleire enn desse som vil sende inn bilder frå sitt heimekontor blir vi veldig glade for det. Kanskje får vi til slutt fleire saker?

Dette ønsker vi:

  • Ta eit bilde frå pulten/heimekontoret ditt med telefonen din eller ein vaksen sin.
  • Hugs å spør om lov til å bruke bildet om mor, far, søsken eller nokon annan er med på bildet.
  • Gå til todalen.no og kontaktskjemaet vårt som du finn her: KONTAKT OSS
  • Fyll ut skjemaet med navn og epost. Har du ikkje eigen epost så spør mor eller far om hjelp:-)
  • Last opp bilde frå telefonen.
  • Skriv MINST 3 setningar om arbeidsplassen din (for eksempel:korleis klasse du går i, kvar du er, kven du er saman med, og liknande)
  • Send inn

Vi gler oss på å få sjå korleis du har det!

Publisert: 19. mars 2020, 04:00