Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Korleis kan vi takle situasjonen?

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. november 2015

Omsorgsberedskap er eit viktig tema – tysdag sette Todalen sanitetsforening dette på dagsorden da dei samla interesserte i Todalen ungdomshus til temakveld og gjennomførte eit øving i eit tenkt scenario med ekstremvêr av verste sort. Todalingane har nok raset i 2013 og problema som isolasjonen skapte friskt i minne enno. For sanitetskvinnene landet rundt er omsorgsberedskap prioritert oppgåve no.

Og det er nok ikkje berre i Todalen dette er aktuelt, for sjølvsagt er enkelte bygder meir sårbare enn andre – spesielt når det går berre ein veg inn til bygda. Denne kvelden tok ordførar Lilly Gunn Nyheim ein gjennomgang av det som hendte denne rasdagen, og fortalte korleis staben i Surnadal kommune takla situasjonen godt illustrert gjennom ein lysbildeserie. Ho fortalte at kommunen i skaffa seg mykje nyttig kunnskap og erfaring etter Todalsraset. Med nye klimaprognosane høyrer vi dageleg om at slike situasjonar kan bli både hyppigare og meir omfattande. Råg Ranes viste lysbilde frå liknande hendingar som har hatt mindre omfang, men som likevel var ein tankevekkjar.

NYavtale_4748

Ny felles avtale og felles leiargruppe for sanitetsforeningane i Todalen, Torvik og Øvre Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

Surnadal kommune har beredskapsavtale med sanitetsforeningane og med Surnadal Røde Kors. Det fører til eit tettare samarbeid og gjer at desse frivillige organisasjonane er ein viktig del av beredskapsplana i kommunen, og trer i funksjon ved aktuelle hendingar og ulykker skjer. Sanitetsforeningane kjem inn i biletet når naudetatane slår av blålysa, og arbeider med matforsyning og anna omsorg når det trengs. Denne kvelden fornya Surnadal kommune avtalen og har laga ein felles avtale med Todalen sanitetsforening saman med Torvik sanitetsforening og Øvre Surnadal sanitetsforening. Dei har ei felles leiargruppe som består av 9 medlemar – 5 frå Todalen og 2 kvar frå Torvik og Øvre Surnadal. Ved aktuelle hendingar vil foreningane arbeide tett saman.

Fylkesleiar i Møre og Romsdal sanitetsforening, Ellinor Bolme, fortel at slikt beredskapsarbeid no er prioritert arbeid for sanitetskvinnene, og oppfordra foreningane til å verve fleire medlemar og få med fleire på dette arbeidet. Ho understreka at det godt kunne være mannlege medlemar som deltek på slikt arbeid og viste til Halsa sanitetsforening som har mange mannlege medlemar. Alle dei tre sanitetsforeningane ønskjer fleire medlemar så er du interessert så er det berre å ta kontakt, for dei har bruk for deg!

MortenHalgunset_4756

Morten Halgunset frå Rindal Røde Kors. Ha ga oss mykje å tenke på! Foto: Jon Olav Ørsal

Men, kva gjer vi når ulykka skjer. Det spørsmålet stilla leiar for omsorgsgruppa i Todalen sanitetsforening, Jorunn Ørsal til forsamlinga, da ho ønska velkomen. Denne kvelden hadde dei hyra inn Morten Halgunset frå Rindal Røde Kors til kjøre ei tenkt, men teoretisk øving med forsamlinga. Han presenterte eit scenario, der vi fekk eit ekstremvêr innover Nordmøre ein vinterdag. Mykje nedbør og ekstrem orkan som ville skape store øydeleggingar på både hus og infrastruktur som vegar, kommunikasjonar og skape heilt kaos i heile regionen. – Eit vêrkaos som berre vart verre og verre, og som skapte mange og farlege situasjonar. Det var faktisk vanskeleg å tenke seg korleis dette ville bli, og det var verkeleg til ettertanke korleis in burde førebu seg på slikt og kor hjelpelaus ein eigentleg kan bli i ein slik naudsituasjon.

Som ei oppsummering kan ein iallfall konkludere med at det er viktig at ein er litt førebudd på at situasjonar kan oppstå og det er også viktig å samarbeide når naudsituasjonar oppstår. Det er nok ei viktig prioritering og satsingsarbeidet til sanitetskvinnene viser at dei har forstått kor viktig det er.

VedBordet1_4754

Morten Halgunset klarte å skape eit stor engasjement rundt kaffeborda med sitt scenario. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 25. november 2015, 09:00