Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Korleis blir sommaren?

Korleis blir sommaren?

Jon Olav Ørsal Sundag 18. april 2010

Været  har alltid vore eit sentral tema mellom folk. Det er også eit ordtak som seier at det er alle som snakkar om været, men ingen som gjer noko med det. Når meterorolagane på yr.no og TV2-været henta fram minusgrader og snøkrystalar, tykte vi at det var på tide å kontakte ein vær-spåmann for å sjekke forholda. Som sagt så gjort så tok vi kontakt med Lars Redalen som har lang praksis i faget og som vi veit har treft på godt ved tidlegare høve.

Lars held no på og skal pensjonere seg, og har for ein månads tid sia levert mjølkekyrne og vil nok etter kvart kanskje gå over til å bli vêrspåmann meir eller mindre på heiltid. Lars var litt reservert til å bruke digitale media i dette «gemet», men gikk med på å gjera ein prøve. Han fann fram arbeidsredskapet sitt, som er Almanakk for Norge 2010″ og  begynte å  forklare at det var nymåne 14. april og fullmåne 28. april og at månen da er nær jorda, osv.

Lars sier at han trur det blir finvêr frå mai og at vi cirka frå kristi himmelfartsdag vil få ein landvindsperiode som vil tørke ut mykje og som varer fram mot pinse. Han trur juni også blir forholdsvis bra, men det blir mykje sør og vestlege vidretningar, og dermed litt ustabilt her på indre strøk. Juli er han meir skeptisk til, og trur heile månaden blir forholdsvis kald og det blir nok ein del «gammelerekvêr» (skiftande mellom sol, regn og vind i korte stunder). August blir også våt meiner han, uten å gi nerare forklaring på det. September derimot blir den finaste månaden i år. Da blir det både godt ver og god temperatur, og Lars antyda at september nok er den sikraste månaden i år.

Lars sier vidare at slik som han trur vêret blir i år, så blir det kanskje eit retteleg godt multeår, med unnatak at dei blautaste myranestrøka. Men han er usikker på korleis vulkanutbota i Island vil virke på vêrutviklinga. Spesielt vil eit gigantutbrot i vulkanen Katla kunne påvirke vêret og vanskeleggjere.

På spørsmål om kor han har lært seg å spå været, så svarer Lars at det var noe han lærte i sin ungdom. Det var Randi Sæther, Nytrøn, som var læremeister.

Publisert: 18. april 2010, 10:00