Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kontrollerer tilstand på FV-bruene

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. september 2019

Ein bil frå Statens vegvesen ved Halsabrua (Halset bru er vel rett betegnelse) vekkjer sjølvsagt vår nysgjerrighet. Kva er det som foregår her, egentlig?  Dei to i bilen informerer oss om at dei driv ettersyn på bruene på fylkesvegane i Todalen. 

Det gjeld FV6146 (Før FV323) – frå Kvennset til Bruset, FV 6148 (Før FV324) frå Bruset til Halset bru, samt FV 6145 (tidligereFV671) frå Todalskrysset til Todalsøra.  Bruene er generelt i god stand i Todalen, men på Brusetbrua er det ein liten skade på betongen på det midterste brukaret, så det må etter kvart få ein liten reparasjon, seier Lars Walle og Erik Tornes som kjem frå Vegkontoret i Molde. – dei legg til at det er siste gongen dei kjem i regi av Statens Vegvesen – frå nyttår er det Møre og Romsdal Fylkeskommune som tek over ansvaret for slike vegar her i fylket. 

Det midterste brukaret har ein skade i betongen som må repareres etter kvart. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 4. september 2019, 13:30