Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søndag: Seks kvinner med Henning-tonar!

Søndag: Seks kvinner med Henning-tonar!

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. august 2013

Seks musikkglade damer besøkjer Todalen med tonar av Henning Sommerro førstkomande søndag ettermiddag. Sigrid Vetleseter Bøe er songsolist med blåseensemblet Henning Qvintetten. Namnet Qvintetten har kanskje dobbel botn: Det er utelukkande «quinder» som trakterer dei fem instrumenta i blåse-kvintetten: Marthe Belsvik Stavrum (fløyte), Ebba Ringmar (obo), Berglind Haldorsdottir (klarinett), Magnhild Tafjord (horn) og Ingunn Fjellang Sæther (fagott). Dei kom saman som som Møre-musikarar. Her kan du sjå plakaten.

At Henning er med i namnet, forklarer Ebba Ringmar slik: – Vi likar musikken til Henning Sommerro så godt at vi har danna eit ensemble i hans namn! Denne helga er Sigrid Vetleseter Bøe saman med blåsarane på ein mini-turne: Tingvoll kyrkje laurdag og Todalen kyrkje søndag. Klarinettist Berglind Haldorsdottir kjem da direkte frå Reykjavik. Hun fekk seg jobb heime på Island etter turneen var bestemt, men det går da fly (!). Henning Qvintetten brukar Sommerro-musikk i forskjellige samanhengar. Temaet under disse konsertane er sommarleg.

Alt vil ikkje leiar Ebba Ringmar avsløre før helga, men litt røpar ho: – Vi vil fange sommarens siste dagar no i august. Det blir ein spennande og annleis konsert. Vi jobbar mykje med stemninger og lyder og der finnes en verden av muligheter. Vi veit at Henning Sommerros Østerdalsdåm for sopran og blåsarar blir med. Og ved sida av songar og annan kjent musikk av surnadalingen får publikum høre eit stykke inspirert av Håvamål.

Qvintettens store mål er no spela inn plate.  – Men det kan ikkje gjerast uten å kjenne musikken like godt som si eiga lomme, seier Ebba. – For å koma dit er det øvingar og konserter som gjeld, og denne helga skal dei i aksjon for siste gong i år. Vi anar ein variert konsert med glimt i auget. Som Tidens Krav skreiv etter ein tidlegare konsert: «Det er det seriøse blandet med humor som gjør Henning Qvintetten til en liten perle. Finn dere pengesterk sponsor, jenter. Dette blir suksess».

Arrangør for konserten er Todalskoret – som meiner at det nettopp i den situasjonen bygda no opplever, er viktig å sleppe den gode kulturen til. Dessutan viste sommarkonserten med Fiskum-kvartetten og same songsolist i fjor at slike arrangement har sin udiskutable plass. Når klarinettisten kjem heilt frå Island, er det å håpe at mange frå nabobygdene nyttar søndags ettermiddag til både båttur på den vakre Todalsfjorden og unik konsertoppleving i den like vakre Todalskyrkja!

Først publisert: 20. august 2013, 10:15 - Sist oppdatert: 25. august 2013, 19:57