Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konsert i Stangvik kyrkje

Elinor Bolme Torsdag 14. juni 2018

Laurdag 16.juni kl 17 blir det konsert i Stangvik kyrkje . Då får dei besøk frå Trondheim og kyrkjekoret Hoeggen Vocale med  dir. Oddrun Bølset. Dei vil framføre eit rikt og variert program; alt frå Bruckner, via norske og svenske folketonar og korverk av J. Rutter.

Koret  vart stifta i 1990 som kyrkjekor knytta til Hoeggen kyrkje i Trondheim og dei avsluttar kvart semester med ein konsert/tur  der dei gjestar ulike kyrkjer omkring.Dei blir også med på gudstenesta i Øye kyrkje same helg.

To unge musikarar frå Surnadal vil også vere med å sette sitt preg på konserten; Kirsten Næss på bratsj/fiolin og Brage Einum på piano. Vi gler oss på høyre dei to framføre musikk av Bruch og Piazzolla , Debussy og Grieg, skriv Oddveig Helset Halle i ei pressemelding.

 Program kyrkjekonsert

 

Først publisert: 14. juni 2018, 12:00 - Sist oppdatert: 13. juni 2018, 22:48