Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konsert i Mo – tilbake i forfedranes kyrkje

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. oktober 2017

Tysdag 31.10 kl 19.30 blir det ein heilt spesiell konsert i Mo kyrkje. Duoen OboeBass består av Carrie Vecchione og Rolf Erdahl og dei er profesjonelle musikerar i USA. Dei deltek først på eit Grieg-symposium i Bergen og så skal dei halde konsertar i Mo kyrkje og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Oldeforeldra til Rolf var Ellen Krangnes og Lars I Røv, så det er spesielt for han å få framføre musikk i forfedrane si kyrkje. Tysdag 31.oktober er på dagen for 500-årsjubileet for Martin Luther sine teser og starten på reformasjonen.

Reformasjonsjubileet blir markert med store arrangement, særleg i Tyskland, men her får vi ein ganske så liten konsert som i det minste markerer at Luther såg på musikk som veldig viktig. Og ein slik konsert er også ein slags reform for det har nok aldri vore framført ein liknande konsert i kyrkja. Kom og hør og du vil nynne ein ny tone. Konserten er gratis men det blir høve til å gje penger så kontrabassen har litt til flybilletten.. Og det blir ein kaffekopp å få og anledning til å tale med musikerfamilien etterpå. Sjå og høyr meir på www.oboebass.com

Publisert: 25. oktober 2017, 08:41