Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fasteaksjon med rekordinnsamling

Fasteaksjon med rekordinnsamling

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. april 2011

Tysdag kveld var det fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelps  i Todalen, og i resten av landet. I Todalen er det konfirmantane i samarbeid med soknerådet som har gått rundt på alle dører for å samle inn pengar.  Over heile landet har over 40.000 bøssebærarar gått  frå dør til dør for aksjonen, som har som mål å bidra til meir økonomisk rettferd i heile verda. Og dei var tekne godt i mot, for det sette rekord med heile 8325 kroner som vart innsamla i Todalen. Det vart eit kjemperesultat seier Signe Grønmyr som var «lagførar» i Todalen. Årets konfirmantar som var med var: Inga Husby, Kristine Svinvik og Brage Talgø, samt Marte Talgø som var konfirmant i fjor. Flott innsats!

Publisert: 12. april 2011, 19:00