Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konfirmantane fikk gode råd med på vegen

Jon Olav Ørsal Sundag 29. april 2018

Prost Leif Endre Grutle ga gode råd med på vegen i si preken til konfirmantane i Todalen kyrkje. Å bli konfirmert gir ingen nye juridiske rettar, men du kan begynne å delta i det vaksne livet. Han understreka kor viktig det er å ta gode val gjennom livet – gode val både for seg sjølv og for andre.

Det var prost leif endre Grutle som heldt konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalen kyrkje var på det næraste fullsett under dagens gudsteneste, der dei 4 konfirmantane altså vart konfirmerte. Dagens konfirmanter var Sindre Klungervik Bruset, Trym Schei Kvendset, Erik Kårvatn og Henrik Kvande Talgø.

Under gudstenesta var det også overrekking av gåve frå Todalen sokneråd – konfirmantane fekk overrekt kvar si salmebok, eller rettare sagt den nye songboka.  den skulle vare til minne om konfirmasjonen, og hadde ei lita personleg helsing til kvar.

Todalen kyrkje var nærast fullsett under konfirmasjonsgudstenesta. Prost Leif Endre Grutle på talarstolen – han ga gode råd på livets vet til konfirmantane i sin preken. Foto: Jon Olav Ørsal

Nedafor har vi laga eit lite bildegalleri frå konfirmasjonen. Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. april 2018, 19:13