Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kommuneoverlegen anbefalar testing etter alle utanlandsreiser

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. august 2020

Ferien går mot slutten og mange skal snart tilbake til jobb, barnehage og skule. Fleire har feriert i utlandet, kor smittetrykket er langt høgare enn i Norge. Dette gjeld og «grøne land».
– Sommaren har gått betre enn forventa, men med aukande lokale smitteutbrot i fleire kommunar ser vi behovet for å forsterke eksisterande smitteverntiltak. Vi må gjere det vi kan for å unngå eit lokalt smitteutbrot i Surnadal, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. Han er ekstra bekymra for at ei eventuell smitte skal nå sjukeheimen.

– Ein kan vere uheldig og bli smitta, sjølv om ein har fulgt smittevernråd og ikkje medvite har utsett seg for risiko. 1 av 5 som er smitta med koronavirus har ikkje symptom. Då risikerer ein å smitte andre utan å vite det og vi kan få store mørketal. No har vi ein liten tidslomme til å kvele eit muleg smitteutbrot før lokalsamfunnet startar opp att for fullt etter sommarferien. Det viktigaste tiltaket er difor ei sterk anbefaling til alle som har vore i utlandet dei siste 14 dagane om å be om testing for koronavirus.

Anbefalinga om å teste seg dersom ein har vore på reise i utlandet siste 14 dagar gjeld uavhengig av om ein har symptom eller ikkje. Anbefalinga skil ikkje mellom «raude» og «grøne» land. Anbefalinga gjeld etter alle utanlandsreiser, og gjeld for både vaksne og barn.
-Dei neste 3 vekene kan verte avgjerande, seier Buan.

Utover anbefalinga om testing etter reise i utlandet, gjeld dei nasjonale testkriteria for covid-19 som før. Det betyr i praksis at terskelen for å be om testing skal vere låg for alle som utviklar symptom på nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19.
Forespørsel om testing skal rettast til Surnadal legesenter i kontortida på telefon 71657800 og til legevakt 116117 etter kontortid.

Publisert: 4. august 2020, 13:02