Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kommunen sender ut viktig påskeinformasjon på SMS

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. april 2020

02 04 2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune har heldigvis ikkje nye påviste smittetilfelle å berette om.  No forebur dei påska og har sendt ut viktig informasjon til innbyggarane på SMS:

Vi har sendt ut følgande SMS-varsling sendt til innbyggarane:

Det er per no heldigvis ikkje påvist fleire smittetilfelle i Surnadal kommune.

Viktig informasjon før påska: Det er ikkje lokal legevakt påskelaurdag i Surnadal. For å be om testing kan du ringe korona-telefonen 913 79 001 mån. og tys. frå kl. 09.00-15.00 og ons. fram til kl. 11:30 i påskeveka. Deretter kan du ringe legevakttelefon: 116117. Etter avtale kan det bli utført testing frå kl. 12.00-14.00 på påskeaften i Surnadal. Hugs å ringe før du oppsøker legevakt. Korona-telefonen er og open påskeaften frå kl. 10.00-14.00. Vi har etter situasjonen god beredskap for den som måtte trenge helsehjelp i Surnadal kommune. Vi ønskjer alle ei trygg og god påske i lag med sine nærmaste.

Helsing Surnadal kommune

Publisert: 2. april 2020, 16:19