Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Komande søndag: Juletonar i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. desember 2016

Har du venta på den tradisjonelle julekonserten i kyrkja, så har du ikkje venta forgjeves. Komande søndag blir det konsertar – først i Todalen kyrkje kl 14 og så i Åsskard kyrkje kl 19.  Med fersk CD i lomma, med solistar og orkester inviterer Todalskoret og Åsskard kyrkekor til julekonsertar i dei to kyrkjene og gler seg til å møte publikum.

Sigrid V. Bøe er solist.  Foto: Bernt Bøe

«Deilig er jorden», «O helga natt» og utdrag frå kantaten «I denne søte juletid» står på eit rikhaldig program. Mykje er henta frå plata «Juletid», som utøvarane lanserte nyleg og som blir lagt ut saman med billettane.  Sigrid Vetleseter Bøe har eiga soloavdeling med pianist Tor Strand og orkesteret. Torunn Kroknes syng «Bereite dich» frå Bachs Juleoratorium. I orkesteret sit Marthe B. Stavrum (fløyte), Ebba Ringmar (obo), fiolinistane Trond H. Saltvik og Odd Sonntag og polske Anna Ostachowska (bratsj).

Felleskoret i Todalen kyrkje - arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Utanom kantesatsar syng kora bl.a. «Julverset» frå Stangvik og den gripande «Julesong på Grini» – laga av to nordmøringar i krigsfangeskap i 1944. På Åsskard-konserten deltek også den sjarmerande barnegruppa Amigos med «Julekveldsvisa» og andre småperler. Og i allsongen får alle stemme i – endatil med orkester!

juletonar-plakat-todalen

 

Publisert: 15. desember 2016, 08:31