Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom i form med Stavgangarane

Elinor Bolme Måndag 25. april 2016
Det vårast, og tida for tur  skog og mark er kommen for fleire. I den anledning ønsker Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag å orientere om at dei har årets første tur allereie torsdag 28. april. Denne gongen frå Svinvika. Frammøte i Svinvika til vanleg tid kl. 1300. Marsjruta er  som vanleg etter eige ønske og tempo. Ta med matpakke og drikke og bli med på årets første tur!
Dei ønsker alle vel møtt, og legg med resten av turane framover våren og sommaren slik at det er rå planlegge turdagane sine:
28.4. Svinvika
12.5. Brøske
19.5. P-øra i Bøfjorden
26.5. Buss til Kårøyan
2.6.   Roparen
9.6.   Gammelfabrikken i Todalen
16.6. Toresetra/Øygarden
23.6. Myrvang (Kårvatn)
Alle dagane er det oppmøte 13, om ikkje anna blir publisert.
Publisert: 25. april 2016, 21:34