Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klubbmesterskap i Trollheimen sykkelklubb

Jon Olav Ørsal Måndag 21. august 2017

Med start frå forsamlingshuset på Nordvik og med Kårvatn i Todalen som mål vart det kamp om plassane på tur innover Todalen, oppgjennom Brusetmarka og opp Dalavegen til Kårvatn.  Ikkje heilt uventa trekte Håvard Gjeldnes det lengste strået og vart dømt først i mål på same tid som Kjetil Bolme – begge fikk 33,09 på resultatlista.

Frå starten på Nordvik – full trøkk frå første pedaltråkk. Foto: Kjetil Sogge

Det var 15 som stilte til start i klubbrittet, og i tillegg var det 5 deltakarar i trimklssen. nedafor har vil lagt ut resultatlista med alle dei 15 deltakarane i konkurranseklassen.  
 
Resultat Klubbritt Nordvik-Kårvatn

1. Håvard Gjeldnes, 33:09
2. Kjetil Bolme, 33:09
3. Stig Mikkelsen, 33:47
4. Halvor Drøpping, 34:04
5. Rune Kvande, 34:05
6. Gaute Moen, 34:07
7. Per Anton Vatten, 34:42
8. Gunnar Bøe, 35:40
8. Per Helge Bævre, 35:40
10. Pål Ranes, 36:00
11. Jørgen Brekke, 36:41
12. Hans Christian Hårstad, 38:39
13. Jøri Vatten, 41:02
14. Håvard Vatten, 43:10
15. Ida Aakvik, 44:20
  

Trimklasse utan tidtaking
Bjørn Halle
Mette Sande
Oddny Hoem
Sissel Hårstad
Ronja Henden

Frå starten på Nordvik Foto: Kjetil Sogge

Passer todalshaugen i full tråkk. Foto: Kjetil Sogge

På Markavegen – her passeres Høyem, og snart ventar stigninga opp Dalavegen i Falla. Foto: Kjetil Sogge

 

Publisert: 21. august 2017, 22:22