Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i september

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. september 2020

Måndag 14. september gjekk Kløverturen i Gammelvegen, eit fint turområde der ein kan variere både turlengde og tal på motbakkar.

I dag gjekk somme opp til Hjellnes, medan andre gjekk frå Snøyå i retning Svinvika. Kjøle bra med fleire alternativ.

Oppe på Hjellnes, fine sauer, men lite å sjå av Todalsfjella i dag! Foto: Dordi J H

Veret var betre enn venta; lite regn, men dårleg sikt da skodda låg langt nedover liene. Dermed vart det ikkje kaffepause på Kammen slik som plana var.

Her står vi ved Bergulhammaren. Flott namn! Men det er lenge sidan nokon i turfølget hadde høyrt bergulen. Foto: Dordi J H

Fint namneskilt!. Foto: Dordi J H

Turfølget studerte dei nye namneskilta i Gammelvegen; artig å vite kva det heiter der ein fer og det gjer turen meir interessant. Kanskje det etter kvart kjem namneskilt i resten av Svinvikrunden, og?

Måndag 7. september gjekk Kløverturen i Toåa tursti. Veret var fint, og det var triveleg kaffepause i gapahuken.

Triveleg kaffepause ved gapahuken. Frå venstre: Arndis, Dordi, Marit, Eli, Jorunn, Sigrun, Helen, Åse og Ester Karin. Foto: Dordi J H

Måndag 21. september blir det tur etter skogsvegen i Øyalia. 

Fleire bilete:

Eli, Jorunn og Dordi på Bordholmen. Foto: Dordi J H

 

Klare til start! Arndis, Karen Johanne, Kari, Åse, Jorunn, Jean, Eli og Synnøve. Foto: Dordi J H

Svinvikrunden er utruleg populær, kjekt å møte andre trimmarar. Foto: Dordi J H

Publisert: 14. september 2020, 20:58