Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Brusetbotnane

Dordi Jorunn Halle Søndag 15. oktober 2017

Måndag 16. oktober går Kløverturen frå Bruset og oppover skogsvegen over Haugligardane og i retning Brusetbotnane. Turen går etter fin skogsveg – grus, og bakkane er slake. Her er det to rastebord – først frampå Kleiva med utsikt utover bygda og like etter oppå lunningsplassen ved Botnbekken. Vi går same ruta både opp og ned. Dette er ein lett tur der tempo og lengde kan tilpassast kvar enkelt.

Vi møtest ved Halsbua kl. 11 og kjører opp til Bruset der vi parkerer.

Turen ute i Nordvikliene i retning Åsbøsnyta ventar vi med til det blir ein soldag.

Trim og tur i lag gjer godt – alle er velkomne til å bli med!

Her er det fint å gå! Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 15. oktober 2017, 12:04